Galatarane 2:1-4 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Fjorten år etter drog eg atter opp til Jerusalem, saman med Barnabas; eg hadde òg Titus med meg.

2. Det var ei openberring som gjorde at eg reiste dit. Og i eit serskilt møte med dei mest framståande la eg fram for dei det evangeliet eg forkynner mellom folkeslaga; for eg ville ikkje at heile arbeidet mitt skulle vera fåfengt.

3. Men ikkje eingong Titus, som var med meg, og som er grekar, vart nøydd til å la seg omskjera.

4. Det kravet kom frå nokre falske brør som hadde snikt seg inn; dei ville lura på den fridomen vi har i Kristus Jesus, så dei kunne gjera oss til trælar.

Galatarane 2