Galatarane 1:12-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Heller ikkje har eg fått det eller lært det av noko menneske; men det var Jesus Kristus som openberra seg for meg.

13. De har høyrt om korleis eg fór fram medan eg levde som jøde, kor nådelaust eg forfylgde Guds kyrkje og gjorde mitt beste for å rydja henne ut.

14. Eg gjekk lenger i jødedomen enn mange av jamaldringane i folket mitt og var endå meir brennhuga for tradisjonane frå fedrane.

Galatarane 1