Forkynnaren 7:3-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. Sorg er betre enn lått;for om andletet er sorgfullt,kan hjarta vera fylt av glede.

4. Dei vise har hjarta sitt ¬i syrgjehuset,men hjarta åt dårar ¬er i gledehuset.

5. Det er betre å høyra skjenn ¬av ein vismannenn å lyda på song av dårar.

6. Som klungerris sprakar ¬under gryta,så er det når dåren ler.Det òg er fåfengd.

7. Den vise som fer hardt fram,gjer seg sjølv til narr;den som lèt seg kjøpa,øydelegg seg sjølv.

8. Betre er enden på ein ting ¬enn opphavet.Tolmod er betre enn hovmod.

9. Ver ikkje for snar ¬til å harmast,for harmen ¬bur i barmen på dårar.

10. Du skal ikkje seia: ¬Kva kjem det avat alt var betre ¬i gamle dagar enn no?Du spør ikkje så om du er klok.

11. Visdom er jamgod med arv,ei vinning for dei ¬som ser dagsens ljos.

Forkynnaren 7