Forkynnaren 7:15-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. Alt dette har eg setti mine fåfengde dagar.Mang ein rettferdig manngår til grunne i si rettferd,og mang ein gudlausfår leva lenge i sin vondskap.

16. Ver ikkje altfor rettferdig,og vis deg ikkje for klok!Kvifor vil du øydeleggja deg?

17. Ver ikkje altfor gudlaus,og ver ikkje ein dåre!Kvifor vil du døy før tida?

18. Det er godt ¬at du held fast på det eineog heller ikkje slepper ¬det andre.Den som har age for Gud,finn ein utveg or dette.

19. Visdom gjer vismannen ¬sterkareenn ti mektige menn i byen.

20. Det finst ikkje eit rettferdig ¬menneske på jord,som berre gjer godt ¬og aldri syndar.

21. Bry deg heller ikkjeom alt det folk seier,elles kunne du få høyraat trælen din forbannar deg.

Forkynnaren 7