Forkynnaren 2:18-24 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

18. Eg vart lei av alt mitt strev,alt slitet eg har hatt ¬under sola.For alt må eg lata overtil den som kjem etter meg.

19. Kven veit om det vert ein vis ¬eller ein dåresom skal rå over det ¬eg har vunnemed mitt strev og min visdom ¬under sola?Det òg er fåfengd.

20. Då vart eg reint motlausfor alt det strev ¬eg har hatt under sola.

21. For det hender ¬at eit menneske strevarmed visdom, kunnskap ¬og dugleikog må gje det i arv ¬til ein annansom ikkje har hatt noko bry ¬med det.Det òg er fåfengd, ¬ei stor ulukke.

22. Kva har då mennesket attfor alt sitt slit og strevsom han har plaga seg med ¬under sola?

23. Alle hans dagar ¬er fulle av pinsle,og alt det han driv med, ¬valdar sorg.Ikkje eingong om nattafår hjarta hans kvila.Det òg er fåfengd.

24. Det beste eit menneske ¬kan gjera,er å eta og drikkaog unna seg gode dagarmidt i alt sitt strev.Men eg fekk sjå at det ògkjem frå Guds hand.

Forkynnaren 2