Forkynnaren 11:7-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Ljoset er ein hugnad ¬for auga,det gjer godt å sjå sola.

8. Om åra vert mange, ¬skal mennesket levaog gleda seg over dei alle.Det skal tenkja ¬på dei mørke dagar,for av dei vert det mange.Alt som skal koma, er fåfengd.

9. Gled deg, ungdom, ¬medan du er ung,ver glad og nøgd i livsens vår!Gå på dei vegar som hjarta vil,fylg det som lokkar ditt auga!Men vit at Gud ¬skal krevja deg til rekneskapfor alt det du har gjort.

10. Få sutene ut or din hug,og hald det vonde frå livet!For ungdomstida, livsens vår,kverv som ein pust.

Forkynnaren 11