Esra 5:1-9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Profeten Haggai og profeten Sakarja, soneson til Iddo, tala til jødane i Judea og Jerusalem; i namnet åt Israels Gud tala dei til dei.

2. Då gjekk Serubabel, son til Sjealtiel, og Josva, son til Josadak, i gang med å byggja Guds hus i Jerusalem, og dei to Guds profetar var med og stødde dei.

3. Tattenai, statthaldaren i provinsen vestanfor Eufrat, og Sjetar-Bosnai og embetsbrørne deira kom straks til dei og spurde: «Kven har gjeve dykk lov til å byggja dette templet og setja denne muren i stand?»

4. Og dei heldt fram: «Kva heiter dei mennene som set opp denne bygningen?»

5. Men Guds auga vakte over dei eldste mellom jødane. Statthaldaren og mennene hans hindra dei ikkje i arbeidet, for dei ville venta til Dareios hadde fått melding om saka, og dei hadde fått brev frå han.

6. Dette er ei avskrift av brevet som Tattenai, statthaldaren i provinsen vestanfor Eufrat, og Sjetar-Bosnai og embetsbrørne hans, embetsmennene i provinsen, sende til kong Dareios.

7. Så lydde meldinga som dei sende:Til kong Dareios.Ver helsa!

8. Kongen skal vita at vi har gjort ei ferd til Judea-distriktet, til templet åt den store Gud. Det vert no bygt opp att med tilhogne steinar, og murane vert kledde med tre. Arbeidet vert gjort med iver og har god framgang.

9. Vi tala med dei eldste der og spurde: «Kven har gjeve dykk lov til å byggja dette templet og setja denne muren i stand?»

Esra 5