2. Då fekk eg sjå ein skapnad som likna ein mann. Nedover frå hoftene såg han ut som eld, og frå hoftene og oppover var det liksom ein glans, som skinande metall å sjå til.
3. Han rette ut eitkvart som likna ei hand, og tok tak i hårluggen min. Ånda lyfte meg opp mellom jord og himmel, og i syner frå Gud tok ho meg med til Jerusalem, til porten i nord som fører inn i den indre tempelgarden. Der stod det eit gudebilete som gjorde Gud brennande harm.
4. Og sjå, der var herlegdomen åt Israels Gud, så som eg hadde sett han i dalen.
5. Han sa til meg: «Menneske, lyft augo mot nord!» Då eg lyfte augo og såg mot nord, fekk eg auga på gudebiletet som gjorde Herren harm, nord for altarporten, nær inngangen.