Esekiel 45:6-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Til eigedom for byen skal de setja av eit stykke som er fem tusen alner breitt og tjuefem tusen alner langt, langsmed det som er vigt til heilagdomen. Det skal høyra heile Israels-ætta til.

7. På begge sider av det stykket som høyrer heilagdomen til, og av det som byen eig, langsmed begge desse områda, skal fyrsten ha land, både vestover på vestsida og austover på austsida. Det skal vera så langt som ein av dei lutene ættene får, frå grensa i vest til grensa i aust.

8. Dette landet skal vera hans eigedom i Israel. Og då skal fyrstane aldri meir vera harde mot folket mitt, men overlata jorda til Israels-folket, ætt for ætt.

9. Så seier Herren Gud: No får det vera nok, de fyrstar i Israel! Hald opp med vald og herjing, og gjer rett og rettferd! Hald opp med å driva folket mitt frå gard og grunn, seier Herren Gud.

10. Bruk rett vekt og rett efa og bat!

Esekiel 45