Esekiel 41:10-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. og dei andre roma var det ein open plass, tjue alner brei; han gjekk rundt heile templet.

11. Sideroma hadde dører ut mot den opne plassen, ei dør mot nord og ei mot sør. Muren kring plassen var fem alner tjukk.

12. Bygningen som vende mot den avstengde plassen på vestsida, var sytti alner brei. Veggen i bygningen var fem alner tjukk heilt rundt og nitti alner lang.

13. Så mælte han templet; det var hundre alner langt. Den avstengde plassen med bygningen og murane i bygningen var òg hundre alner lang.

14. Framsida på templet og plassen, mot aust, var hundre alner brei.

15. Han mælte bygningen som låg ut mot den avstengde plassen, på baksida. Saman med gangvegane på begge sider var han hundre alner.Tempelhalla, det inste romet, og forhalla ut mot føregarden

16. var bordkledde. Gittervindaugo og murskråninga kring dei var bordkledde på tre kantar over murkransen. Og på veggene var det panel frå golvet opp til vindaugo

17. og over døropninga. Både inne i templet og utanfor, rundt ikring på alle veggene inne og ute, var det felt med

18. utskorne bilete av kjerubar og palmer, ei palme mellom to kjerubar. Kvar kjerub hadde to andlet.

19. Eit menneskeandlet var vendt mot palma på den eine sida og eit løveandlet mot palma på den andre sida. Slike bilete var det rundt ikring i heile templet.

20. Frå golvet til eit stykke ovanfor døra var det bilete av kjerubar og palmer på tempelveggene.

21. Tempelhalla hadde firkanta dørstolpar. Framfor den heilage staden kunne ein sjå noko som likna

22. eit altar av tre. Det var tre alner høgt og to alner langt. Det hadde to hjørne; fotstykket og veggene var av tre. Mannen sa til meg: «Dette er det bordet som står for Herrens åsyn.»

Esekiel 41