Esekiel 40:4-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Mannen sa til meg: Menneske, bruk augo og øyro og legg merke til alt det eg lèt deg sjå. Du er ført hit, så eg kan få syna deg det. Alt det du ser, skal du fortelja til Israels-ætta.

5. Utanfor templet var det ein mur på alle kantar. Mannen hadde ei mælestong i handa; ho var seks alner lang, når kvar alen er ei handsbreidd lengre enn den vanlege. Han mælte byggverket, som var ei mælestong tjukt og ei mælestong høgt.

6. Så kom han til den porten som vender mot aust. Han gjekk opp troppestega i porten og mælte dørstokken der; han var ei mælestong brei. Det var den fyrste dørstokken.

7. Kvart siderom var ei mælestong langt og ei mælestong breitt, og mellom roma var det fem alner. Dørstokken til forhalla inst i porten var ei mælestong.

8. Han mælte sjølve forhalla i porten;

9. ho var åtte alner, og søylene der var to alner. Forhalla i porten vende inn mot templet.

10. Det var tre rom på kvar side av austporten, og alle hadde same mål. Pilarane på begge sider var òg like store.

11. Mannen mælte breidda på portopninga: ti alner, og breidda på sjølve porten: tretten alner.

12. Framfor sideroma var det eit rekkverk; kvart gitter mælte ei alen. Og sjølve sideroma var seks alner på kvar kant.

Esekiel 40