Esekiel 32:17-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

17. I det tolvte året, den femtande dagen i månaden, kom Herrens ord til meg, og det lydde så:

18. Menneske, syng ein klagesong over hopen i Egypt! Lat dei fara ned, og kvinner frå andre folkeslag saman med dei!Mektige menn må faratil landet djupt der nede,saman med dei som går i grav.

19. Kanskje du er betre enn andre?Stig ned og legg deg ¬hjå uomskorne!

20. Egyptarane skal fallamellom menn ¬som vert drepne med sverd.Sverdet er drege og lyftmot landet og heile hopen der.

21. Nede frå dødsriket ¬skal sterke kjemperseia om farao ¬og hans hjelpesmenn:«No har dei fare ned og lagt segmellom uomskorne, ¬drepne med sverd.»

22. Der er Assur ¬og heile hans fylkingrundt ikring hans grav.Alle vart drepne, ¬dei fall for sverd

Esekiel 32