11. Ja, så seier Herren Gud:Babylonarkongens sverd ¬skal koma over deg.
12. Din hop lèt eg falla ¬for kjempers sverd,alle er dei hardare ¬enn andre folk.Dei herjar det egyptarane ¬er stolte av,heile hopen vert utrudd.
13. Alt feet der gjer eg ende på,det vert borte ¬frå dei store vassdrag,som ikkje lenger ¬skal grumsast tilav menneskefot ¬eller dyreklauver.
14. Så gjer eg vatnet klårt og reint,og elvane lèt eg renna som olje,lyder ordet frå Herren Gud.
15. Når eg gjer Egypt ¬til ei øydemark,så landet ligg audt og tomt,når eg slår ned alle ¬som bur der,då skal dei sanna ¬at eg er Herren.