Esekiel 3:5-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Eg sender deg ikkje til eit folk som talar eit uskjøneleg og vanskeleg språk, men til Israel;

6. ikkje til mange folk som talar uskjønelege og vanskelege språk, så du ikkje forstår kva dei seier. Om eg sende deg til dei, skulle dei sanneleg høyra på deg.

7. Men Israels ætt vil ikkje høyra på deg, for dei vil ikkje høyra på meg. For heile Israels-ætta har harde panner og hjarto.

8. Sjå, eg gjer andletet ditt og panna di harde som deira.

9. Eg gjer panna di hard som diamant, hardare enn flint. Du skal ikkje vera redd dei og ikkje skjelva når du møter dei, om dei er ei trassig ætt.»

10. Så sa han til meg: «Menneske, alle dei ord eg talar til deg, skal du ta inn i ditt hjarta, og du skal høyra på dei med dine øyro.

11. Gå til dei bortførte av folket ditt, tal til dei og sei: Så seier Herren Gud – anten dei vil høyra eller ikkje.»

12. Då kom ånda og lyfte meg opp, og bak meg høyrde eg ei sterk, ljomande røyst: «Lova vere Herrens herlegdom frå hans bustad!»

13. Eg høyrde lyden av skapningane når vengene deira møttest, lyden av hjula attmed dei og ein sterk ljom.

14. Ånda lyfte meg opp og tok meg med, og eg fór av stad, beisk og oppøst i hug, og Herrens hand var over meg med styrke.

15. Eg kom til dei bortførte i Tel-Aviv, dei som budde attmed Kebar-elva. Og der sat eg hjå dei i sju dagar, reint lamslegen.

16. Då dei sju dagane var lidne, kom Herrens ord til meg, og det lydde så:

17. Menneske, eg set deg til vaktmann for Israels ætt. Når du høyrer eit ord frå min munn, skal du åtvara dei frå meg.

18. Dersom du ikkje åtvarar den gudlause når eg seier til han at han skal døy, dersom du ikkje talar til den gudlause og åtvarar han mot hans vonde ferd, så han kan berga livet, då skal han døy for si misgjerning. Men deg vil eg krevja til rekneskap for hans blod.

19. Men har du åtvara den gudlause, og han likevel ikkje vender om frå si gudløyse og si vonde ferd, då skal han døy for si misgjerning. Men du har berga livet.

20. Når ein rettferdig mann vender seg bort frå si rette ferd og gjer urett, då legg eg ein snåvestein i vegen hans; han skal døy. Har du ikkje åtvara han, skal han døy fordi han har synda. Ingen skal minnast dei rettferdige gjerningane han har gjort. Men deg vil eg krevja til rekneskap for hans blod.

21. Men har du åtvara den rettferdige og sagt at ein rettferdig mann ikkje må synda, og han så held opp med si synd, då skal han leva, fordi han lét seg åtvara. Og du har berga livet.

22. Herrens hand kom over meg, og han sa til meg: «Stå opp og gå ned i dalen! Der vil eg tala med deg.»

Esekiel 3