Esekiel 24:9-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Difor seier Herren Gud:Ve den blodige byen!Eg òg gjer bålet stort.

10. Ta mykje ved og kveik opp eld!Kok kjøtet møyrt, ¬og slå suppa ut,så beina vert brende.

11. Lat gryta stå tom på glørne,lat henne verta så varm ¬at koparen gløder.Så skal ureinskapen ¬smeltast ut or henneog rustet verta borte.

12. Det har kosta strev og møde.Men elden tek ikkje bort ¬alt rustet.

13. Fordi du vart urein ¬ved di skjemdarferd,og ikkje vart kvitt ¬din ureinskapendå eg ville reinsa deg,så skal du ikkje verta rein attfør eg får stilt min harme ¬på deg.

Esekiel 24