Esekiel 21:22-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

22. I høgre handa får han loddet «Jerusalem». Der skal han reisa stormbukkar, opna munnen og la krigsropet ljoma, eit sterkt krigsrop. Han skal reisa stormbukkar mot portane, kasta opp ein voll og byggja skansar.

23. Folk synest dette er ein falsk spådom. For dei har fått heilage lovnader. Men Herren minner dei om deira skuld, som gjer at dei kjem i fangenskap.

24. Difor seier Herren Gud: De minner sjølve om dykkar skuld, når dykkar brot vert openberre, så synda viser seg i alt de gjer. Fordi dette har vorte kjent om dykk, skal de takast til fange.

25. Og du, gudlause ugjerningsmann, Israels fyrste, tida er komen då du skal få di endelege straff.

Esekiel 21