Esekiel 18:8-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Han låner ikkje ut for renter og driv ikkje åger. Han held si hand frå urett, og dømer rett når mann ligg i strid med mann.

9. Han fylgjer mine føreskrifter og tek trufast vare på mine lover. Den som gjer det, er rettferdig, og han skal få leva, lyder ordet frå Herren Gud.

10. Men så kan det henda at den rettferdige får ein son som vert ein røvar og drapsmann og gjer ei av desse syndene

11. som faren aldri har gjort. Han et jamvel offerkjøt på haugane og krenkjer kona åt nesten sin.

12. Han er hard med dei arme og fattige, ranar og røvar og gjev ikkje pantet att. Han lyfter augo til avgudane og fer med annan styggedom.

13. Han låner ut for renter og driv åger – og så skulle han få leva! Nei, han skal ikkje få leva. Når han gjer alt dette stygge, skal han sanneleg døy. Han er sjølv skuld i sin død.

14. Men så kan det henda at han får ein son som ser alle syndene faren har gjort, og lèt seg skræma av det, så han ikkje gjer det same.

15. Han et ikkje offerkjøt på haugane, lyfter ikkje augo til avgudane som Israels-ætta dyrkar, og krenkjer ikkje kona åt nesten sin.

Esekiel 18