30. Å, kor du brann av lyst! lyder ordet frå Herren Gud. At du kunne gjera alt dette og bera deg åt som ei skamlaus skjøkje!
31. Du laga ei lege på kvart gatehjørne og bygde deg ein tram på alle torg. Men du var ikkje som andre skjøkjer, for du brydde deg ikkje om skjøkjeløn.
32. Du horkvinne, i staden for å halda deg til mannen din tek du framande menn.
33. Alle andre skjøkjer får gåver, men du gav løn til alle elskarane dine. Du betalte dei for å koma til deg frå alle kantar og driva hor med deg.
34. Såleis gjorde du det motsette av det kvinner plar gjera. Det var ingen som sprang etter deg, og ingen gav deg skjøkjeløn; men sjølv gav du løn. Så bakvendt bar du deg åt.
35. Difor, horkvinne, høyr Herrens ord!
36. Så seier Herren Gud: Du tok av deg kleda og viste fram din nakne kropp til elskarane dine som du dreiv hor med, alle dei avskyelege avgudane dine, og du drap borna dine som du gav dei.
37. Difor vil eg samla alle elskarane dine, som hadde glede av deg, både dei du elska og dei du hata. Eg samlar dei rundt deg frå alle kantar og kler av deg, så dei får sjå deg naken.
38. Så dømer eg deg så som kvinner vert dømde for ekteskapsbrot og drap; i harme og brennande iver lèt eg deg verta drepen.