1. Herrens ord kom til meg, og det lydde så:
2. Menneske, tal profetord mot dei profetane i Israel som driv og spår. Til dei som spår av eiga lyst, skal du seia: Høyr Herrens ord!
3. Så seier Herren Gud: Ve profetane, dei dårane som fylgjer sin eigen hug og ikkje har hatt syner.
4. Som revar mellom ruinar er profetane dine, Israel.
5. De gjekk ikkje opp i murrivnene og bygde ikkje skansar for Israels-ætta, så ho kunne stå seg i striden på Herrens dag.
6. Synene deira er falske og spådomane lygn. Dei seier: «Så lyder ordet frå Herren.» Men det er ikkje Herren som har sendt dei. Og så ventar dei at han skal la ordet slå til.
7. Er det ikkje falske syner de har hatt og lygnspådomar de har tala? De seier då: «Så lyder ordet frå Herren.» Men det er ikkje eg som har tala.
8. Difor seier Herren Gud: Fordi orda dykkar er falske og synene lygn, difor kjem eg over dykk, lyder ordet frå Herren Gud.