4. Då lyfte Herrens herlegdom seg frå kjerubane og flytte seg bort til dørstokken i templet. Skya fylte huset, og glansen av Herrens herlegdom fylte føregarden.
5. Susen av kjerubvengene høyrdest heilt ut i den ytre føregarden, som røysta åt Gud Den Allmektige når han talar.
6. Då mannen som var kledd i lin, vart beden om å henta eld under hjulverket, mellom kjerubane, gjekk han inn og stod attmed det eine hjulet.
7. Ein kjerub rette ut handa mot elden som var mellom kjerubane, tok opp noko av han og la i hendene på mannen med linkleda. Han tok elden og gjekk ut.
8. Under vengene på kjerubane kunne ein sjå noko som likna ei menneskehand.
9. Så fekk eg sjå at det stod fire hjul attmed kjerubane, eitt ved kvar kjerub; og hjula såg ut som krysolitt.
10. Alle fire var like å sjå til, og det var som om det eine hjulet var inni det andre.
11. Dei gjekk til alle fire sidene, og dei snudde seg ikkje når dei gjekk. Dei fylgde etter det fremste i den leia det vende seg, og snudde seg ikkje når dei gjekk.
12. Over heile kroppen åt skapningane, på ryggen, hendene og vengene, og like eins på dei fire hjula, var det fullt av augo rundt ikring.
13. Eg høyrde at hjula vart kalla hjulverk.