Efesarane 5:19-28 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

19. og lat salmar og hymner og åndelege songar lyda mellom dykk; syng og spel av hjarta for Herren!

20. Takk alltid Gud og Faderen for alle ting i vår Herre Jesu Kristi namn!

21. Ver kvarandre underordna i age for Kristus.

22. Dei gifte kvinnene skal underordna seg under mennene sine som under Herren sjølv.

23. For mannen er hovudet for kvinna liksom Kristus er hovudet for kyrkja; han er frelsar for lekamen sin.

24. Liksom kyrkja underordnar seg Kristus, skal ei kvinne underordna seg mannen sin i alle ting.

25. De menn skal elska konene dykkar, liksom Kristus elska kyrkja og gav seg sjølv for henne,

26. så han kunne helga henne og reinsa henne med vassbadet i kraft av eit ord.

27. På den måten ville han stella henne fram for seg i herlegdom utan flekk eller rukke eller noko slikt; heilag og lytelaus skulle ho vera.

28. På same måten skal mennene elska konene sine som sin eigen lekam. Den som elskar kona si, elskar seg sjølv.

Efesarane 5