Efesarane 2:8-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve.

9. Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal rosa seg.

10. For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud føreåt har lagt ferdige, så vi skulle ferdast i dei.

11. De var ein gong heidningar og vart kalla uomskorne av dei som kallast dei omskorne, dei som er omskorne på kroppen av menneskehand.

Efesarane 2