Efesarane 1:14-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. han som er pantet på arven vårtil dess utløysinga kjem ¬for Guds folk,til lov og ære ¬for hans herlegdom.

15. Difor held eg ikkje opp med å takka Gud for dykk når eg kjem dykk i hug i bønene mine.

16. For eg har høyrt om dykkar tru på Herren Jesus og om dykkar kjærleik til alle dei heilage.

17. Eg bed om at vår Herre Jesu Kristi Gud, herlegdomens Far, må la dykk få den Ande som gjev visdom og openberring, så de lærer Gud å kjenna.

18. Han gjeve dykkar hjarta opplyste augo, så de kan skjøna kva det er for ei von han har kalla dykk til, kor rik og herleg arven er for dei heilage,

19. og kor veldig hans kraft er mellom oss som trur. Med denne veldige makt og styrke

20. reiste han Kristus opp frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen,

21. over alle makter og herredøme, over alt velde og alle hovdingar og over kvart namn som nemnast kan, ikkje berre i denne verda, men òg i den komande.

22. Alt la han under hans føter, og han, hovudet over alle ting, har han gjeve til kyrkja,

Efesarane 1