Dommarane 7:11-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. Høyr på det dei seier, og du kjem til å kjenna deg sterk nok til å ta på leiren.» Så gjekk han og Pura, tenaren hans, ned til forpostane utanfor leiren.

12. Midjanittane og amalekittane og dei som høyrde ættene frå aust til, låg nede i dalen så tett som grashopper, og det var ikkje tal på kamelane deira; dei var som sanden på havsens strand.

13. Med det same Gideon kom, var det ein som fortalde sidemannen sin ein draum. Han sa: «No skal du høyra kva eg har drøymt: Eit byggbrød kom trillande ned mot midjanittleiren. Då det kom fram til eit telt, støytte det mot teltet og velte det, så det vart liggjande.»

14. Då svara hin: «Dette kan ikkje vera noko anna enn sverdet åt Gideon Joasjson, israelitten. Gud har gjeve midjanittane og heile leiren i hans hender.»

15. Då Gideon høyrde draumen som vart fortald, og tydinga, bøygde han seg og tilbad Gud. Han gjekk attende til Israels-leiren og sa: «Stå opp! Herren har gjeve midjanitthæren i hendene dykkar.»

16. Så delte han dei tre hundre mennene i tre flokkar. Han gav dei alle horn og tome krukker i hendene og faklar til å ha inni krukkene.

17. Og han sa til dei: «Sjå på meg, og gjer de like eins! Når eg er komen til utkanten av leiren, skal de gjera som eg.

Dommarane 7