Dommarane 5:12-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Vakna, Debora, vakna!Vakna, røysta i og kved!Reis deg, Barak!Før fangane bort, ¬du Abinoamsson!

13. Då drog dei ned til hovdingane,dei som var att;Herrens folk ¬drog ned til meg som heltar.

14. Frå Efraim steig dei ned i dalen,så kom Benjamin ¬mellom dine ætter.Frå Makir steig hovdingar ned;frå Sebulon kom menn ¬med førarstav.

15. Hovdingar frå Jissakar ¬fylgde Debora;Jissakar kom, ¬og Barak var med;i hans fotefar fylgde dei ¬ned i dalen.Attmed bekkene i Rubenheldt dei lange rådleggingar.

16. Kvi vart du sitjande ¬mellom kløvkorgene,lydande på hjuring-fløyter?Attmed bekkene i Rubenheldt dei lange rådleggingar.

17. Gilead heldt seg i ropå den andre sida av Jordan.Og Dan, ¬kvi drygde han attmed skipa?Asjer som budde ¬utmed havsens strand,inni vikane heldt han seg i ro.

18. Men Sebulon var eit folk ¬som våga livet;det same gjorde Naftalipå høgdene der striden stod.

Dommarane 5