Dommarane 18:16-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

16. Medan dei seks hundre fullvæpna mennene av Dans-ætta vart ståande i porten,

17. gjekk dei fem mennene som hadde vore på speiding der i landet, opp til huset. Dei gjekk inn og tok med seg det utskorne gudebiletet, efoden, husgudane og det støypte biletet. Presten stod nede ved porten saman med dei seks hundre fullvæpna mennene.

18. Då dei fem gjekk inn i huset hans Mika og tok det utskorne gudebiletet, efoden, husgudane og det støypte biletet, sa presten til dei: «Kva er det de gjer?»

19. «Tei stilt!» svara dei. «Ikkje eit ord! Kom heller med oss og ver far og prest for oss! Er det ikkje mykje betre for deg å vera prest for ei ættgrein og ætt i Israel enn for ein huslyd?»

20. Dette tykte presten vel om. Han tok efoden, husgudane og det utskorne gudebiletet og gav seg i lag med flokken.

21. Så snudde dei og fór av garde. Og borna, buskapen og eignelutene sine hadde dei fremst i ferda.

Dommarane 18