4. Foreldra hans skjøna ikkje at dette kom frå Herren, og at han søkte eit høve til strid mot filistarane. Dei var det som rådde i Israel den gongen.
5. Så gjekk Samson og foreldra hans ned til Timna. Då dei kom til vingardane utanfor byen, fór ei ung løve brølande imot han.
6. Då kom Herrens Ande over han, og han tok løva og reiv henne sund med berre nevane som det skulle vore eit kje. Men han fortalde ikkje foreldra sine kva han hadde gjort.
7. Så gjekk han ned og tala med jenta; og han lika henne framifrå godt.
8. Ei tid etter fór han ned att og ville gifta seg med henne. Han tok av frå vegen og ville sjå den løva han hadde drepe. Då fann han ein biesverm og honning i kroppen hennar.
9. Han tok honningen ut, heldt han i hendene og åt medan han gjekk frametter. Då han kom til foreldra sine, gav han dei òg, og dei åt. Men han sa ikkje at han hadde funne honningen i løvekroppen.
10. Då far hans kom ned til jenta, gjorde Samson eit gjestebod, som dei unge mennene hadde for vis.