Dommarane 14:11-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. Og så snart dei fekk sjå han, fann dei tretti bruresveinar til han; dei var støtt med han.

12. Ein dag sa Samson til dei: «Eg har ei gåte til dykk. Løyser de henne for meg innan dei sju festdagane er ute, skal eg gje dykk tretti fine skjorter og tretti festkledningar.

13. Men kan de ikkje løysa henne, skal de gje meg tretti fine skjorter og tretti festkledningar.» Dei svara: «Sei fram gåta di, så vi får høyra henne.»

Dommarane 14