28. Men ammonittkongen ville ikkje høyra på det sendemennene frå Jefta sa til han.
29. Då kom Herrens Ande over Jefta, og han fór gjennom Gilead og Manasse og heilt til Mispa i Gilead; derifrå drog han ut mot ammonittane.
30. Og Jefta gav Herren ein lovnad og sa: «Gjev du ammonittane i mi hand,
31. så skal den fyrste som går ut gjennom husdøra mi og møter meg når eg kjem velberga heim att frå striden med ammonittane, høyra Herren til. Eg skal bera han fram som brennoffer.»
32. Så drog Jefta ut og stridde mot ammonittane, og Herren gav dei i hans makt.
33. Han slo dei og tok landet frå Aroer til bort imot Minnit, med tjue byar, og alt til Abel-Keramim. Det vart eit stort mannefall, og ammonittane laut bøya seg under israelittane.
34. Då Jefta kom heim att til Mispa, gjekk dotter hans ut imot han med handtrommer og dans. Ho var einaste barnet hans; utanom henne hadde han korkje son eller dotter.