Daniel 11:4-7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Men så snart han har stått fram, skal riket hans bryta saman og delast i fire, etter himmelretningane. Det skal ikkje gå over til etterkomarane hans og ikkje vera så mektig som då han sjølv styrte. For riket skal bryta saman og gå over til andre.

5. Kongen i sør skal vinna stor makt. Men ein av fyrstane hans skal verta endå mektigare og vinna eit herredøme som er større enn hans.

6. Nokre år etter skal dei gjera samband med einannan. Ei dotter åt kongen i sør kjem til kongen i nord og vil tryggja freden. Men ho greier seg ikkje, og son hennar får ikkje leva. Dei misser livet, både ho og fylgjet hennar, sonen og mannen hennar.

7. På den tid skal ein av renningane frå røtene hennar koma i hans stad. Han går mot fiendehæren og bryt inn i festninga åt kongen i nord og vinn.

Daniel 11