6. Mellom dei var judearane Daniel, Hananja, Misjael og Asarja.
7. Den øvste hoffmannen gav dei nye namn. Daniel kalla han Beltsasar, Hananja Sjadrak, Misjael Mesjak og Asarja Abed-Nego.
8. Men Daniel sette seg føre at han ikkje ville gjera seg urein med maten og vinen frå kongens bord. Han bad den øvste hoffmannen om å sleppa å gjera seg urein.
9. Og Gud laga det så at den øvste hoffmannen fekk velvilje og godhug for Daniel.
10. Men han sa til Daniel: «Eg er redd for at herren min, kongen, som har fastsett kva de skal eta og drikka, skal synast at de ikkje ser så friske ut som dei andre gutane på dykkar alder, og at kongen for dykkar skuld skal dra meg til ansvar.»