Apostelgjerningane 7:52-55 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

52. Kven av profetane var det fedrane dykkar ikkje forfylgde? Dei drap dei som føreåt forkynte at Den Rettferdige skulle koma, han som de no har svike og slege i hel,

53. de som tok imot lova etter påbod av englar, men ikkje har halde henne.

54. Då dei høyrde dette, vart dei så harme at dei skar tenner mot han.

55. Men fylt av Den Heilage Ande vende Stefanus augo mot himmelen, og der såg han Guds herlegdom og Jesus stå ved Guds høgre hand.

Apostelgjerningane 7