Apostelgjerningane 21:14-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. Og sidan han ikkje lét seg overtelja, slo vi oss til ro og sa: «Herrens vilje råde!»

15. Då desse dagane var lidne, gjorde vi oss ferdige og drog opp til Jerusalem.

16. Nokre av læresveinane i Cæsarea slo lag med oss og fylgde oss til Mnason frå Kypros, ein av dei aller fyrste læresveinane; hjå han skulle vi bu.

17. Då vi kom til Jerusalem, tok brørne imot oss med glede.

Apostelgjerningane 21