Apostelgjerningane 20:33-36 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

33. Eg har aldri trått etter sølv eller gull eller klede frå noko menneske.

34. De veit sjølve at eg med desse hendene mine har sytt for det vi trong, både eg og dei som var med meg.

35. Alltid har eg vist dykk at såleis må vi arbeida, så vi kan ta oss av dei veike. Lat oss minnast Herren Jesu ord: Det er sælare å gje enn å få.

36. Då han hadde sagt dette, bøygde han kne saman med dei alle og bad.

Apostelgjerningane 20