Apostelgjerningane 20:29-32 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

29. For eg veit at når eg er borte, vil det koma inn iblant dykk grådige ulvar, som ikkje sparer flokken.

30. Og mellom dykk sjølve skal det stå fram menn som fer med rang lære og vil lokka læresveinane med seg.

31. Så vak då, og kom i hug at eg i tre år, natt og dag, alt i eitt med tårer i augo talde for kvar einaste ein.

32. Og no gjev eg dykk over til Gud og hans nådeord, som kan oppbyggja dykk og gje dykk arv saman med alle dei som er helga.

Apostelgjerningane 20