1. Så kom det nokre ned frå Judea og tok til å læra brørne: «Dersom de ikkje fylgjer den skikken vi har frå Moses, og lèt dykk omskjera, kan de ikkje verta frelste.»
2. Paulus og Barnabas kom i strid med dei, og det vart eit kvast ordskifte. Då vart det vedteke at Paulus og Barnabas og nokre av dei andre skulle fara opp til Jerusalem og leggja spørsmålet fram for apostlane og dei eldste.
3. Kyrkjelyden sende dei av stad, og dei drog gjennom Fønikia og Samaria. Og kvar dei kom, fortalde dei korleis heidningane hadde vendt om, og med det gjorde dei brørne ei stor glede.
4. Då dei kom fram til Jerusalem, vart dei mottekne av kyrkjelyden, apostlane og dei eldste, og dei fortalde om kor store ting Gud hadde gjort ved dei.
5. Då reiste det seg nokre frå farisearflokken som hadde teke trua, og sa: «Dei lyt omskjerast og påleggjast å halda Moselova.»
6. Apostlane og dei eldste kom då saman og drøfte dette,
7. og det vart eit hardt ordskifte. Då reiste Peter seg og sa til dei: «Brør, de veit at Gud for lenge sidan valde ut ein av dykk; han ville at heidningane av min munn skulle få høyra evangelieordet og koma til tru.
8. Og Gud som kjenner alle hjarto, synte at han godtok dei, då dei fekk Den Heilage Ande liksom vi.