Apostelgjerningane 13:24-26 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

24. Før han kom, hadde Johannes forkynt omvendingsdåp for heile Israels-folket.

25. Og då Johannes mest hadde fullført livsverket sitt, sa han: «Eg er ikkje den de held meg for å vera. Men etter meg kjem det ein som eg ikkje er verdig til å løysa skorne av.»

26. Brør, både de som er av Abrahams ætt, og de andre som trur på Gud, det var til oss ordet om denne frelsa vart sendt.

Apostelgjerningane 13