Apostelgjerningane 10:3-6 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. Ein dag ikring den niande timen hadde han eit syn. Han såg tydeleg at ein engel frå Gud kom inn til han og sa: «Kornelius!»

4. Kornelius stokk til, såg fast på han og sa: «Kva vil du, herre?» Engelen svara: «Bønene og gåvene dine har stige opp til Gud og mint han om deg.

5. Send no folk til Jaffa og hent ein mann som heiter Simon og har tilnamnet Peter.

6. Han bur hjå ein garvar som heiter Simon og har eit hus nedmed sjøen.»

Apostelgjerningane 10