8. Og Herren sa til meg:«Kva ser du, Amos?»Eg svara: «Eit blylodd.»Då sa Herren: ¬«No senkar eg loddetmidt i Israel, folket mitt.Eg vil ikkje lenger ¬ha tol med det.
9. Isaks offerhaugar skal øydast,og Israels heilagdomar ¬siga i røys.Eg vil reisa meg med sverd ¬mot Jeroboams hus.»
10. Amasja, presten i Betel, sende bod til Jeroboam, kongen i Israel, med desse orda: «Amos har fått til ei samansverjing mot deg midt i Israel. Landet kan ikkje lenger halda ut alle dei orda han talar.
11. For Amos har sagt:Jeroboam skal døy for sverd,og israelittane skal førast bortsom fangar frå sitt land.»
12. Sidan sa Amasja til Amos: «Gå din veg, du sjåar, kom deg av stad til Juda! Der kan du ha ditt levebrød, der kan du vera profet.