Amos 7:1-8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Dette synet ¬lét Herren Gud meg sjå:Han skapte grashopperdå håa tok til å veksa;det var håa etter kongens slått.

2. Då dei hadde ete opp alt graset ¬i landet,sa eg: «Tilgjev, Herre Gud!Korleis kan Jakob berga livet,så liten som han er?»

3. Då endra Herren sitt forsett.«Det skal ikkje henda,» ¬sa Herren.

4. Dette synet ¬lét Herren Gud meg sjå:Herren Gud kalla elden til strid.Han slukte det store havdjupetog heldt på å eta opp landjorda.

5. Då sa eg: ¬«Hald opp, Herre Gud!Korleis kan Jakob berga livet,så liten som han er?»

6. Då endra Herren sitt forsett.«Heller ikkje det skal henda,» ¬sa Herren Gud.

7. Dette synet lét han meg sjå:Herren stod på ein mur,og i handa hadde han ¬eit blylodd.

8. Og Herren sa til meg:«Kva ser du, Amos?»Eg svara: «Eit blylodd.»Då sa Herren: ¬«No senkar eg loddetmidt i Israel, folket mitt.Eg vil ikkje lenger ¬ha tol med det.

Amos 7