3. Ut gjennom murrivner ¬skal de fara,den eine etter den andre.De skal drivast bort ¬til Hermon,lyder ordet frå Herren.
4. Kom til Betel og synda,til Gilgal og synda til gagns!Ber fram slaktoffer ¬om morgonenog tiender den tredje dagen!
5. Lat røyken av syrt brødstiga opp som takkoffer,lys ut friviljug offer, ¬gjer det kjent!For så vil de ha det, ¬de Israels søner,lyder ordet frå Herren Gud.
6. Eg lét dykk gå med tom munni alle byane dykkarog lét dykk vera utan brødalle stader der de budde.Men de vende ikkje om til meg,lyder ordet frå Herren.
7. Eg heldt regnet att for dykkdå det endå var tre månader ¬til hausten.Eg lét det regna over éin by,men ikkje over ein annan.Eitt jordstykke fekk regn,eit anna fekk ikkje og turka ut.