Amos 4:11-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. Eg sende øyding over dykk,som då Gud la Sodoma ¬og Gomorra i grus;de var som ein brand, ¬riven ut or elden.Men de vende ikkje om til meg,lyder ordet frå Herren.

12. Difor vil eg gjera så med deg, ¬Israel!Og fordi eg vil gjera det,så bu deg, Israel, ¬til å møta din Gud!

13. Sjå, han som lagar fjella ¬og skaper vinden,som gjer mennesket kjent ¬med sine tankar,han som gjer morgonroden ¬til mørkerog fer fram ¬over høgdene på jorda– Herren, Allhærs Gud, ¬er hans namn.

Amos 4