10. For det må ikkje renna skuldlaust blod i det landet Herren din Gud gjev deg til odel og eige, så det kjem blodskuld over deg.
11. Men dersom ein mann som ber hat til nesten sin, ligg på lur etter han, tek på han og gjev han eit slag så han døyr, og han rømer til ein av desse byane,
12. skal dei eldste i heimbyen hans senda folk og henta han heim att. Dei skal gje han over til blodhemnaren, og mannen må døy.
13. Du skal ikkje spara han. Såleis skal du reinsa Israel for skuldlaust blod, så det kan gå deg vel.
14. Du skal ikkje flytta merkesteinane mellom deg og grannen din, dei som fedrane har reist på den jorda du får i arv i det landet Herren din Gud lèt deg ta i eige.