4. Mosebok 7:86-89 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

86. Dei tolv gullskålene, som var fulle av røykjelse, vog 10 sekel kvar etter den vekt dei nyttar i heilagdomen. Til saman vog gullet i skålene 120 sekel.

87. Til brennoffer gav dei i alt tolv oksar, tolv verar og tolv årsgamle lam med dei grødeoffer som tilhøyrde, og tolv bukkar til syndoffer.

88. Til måltidsoffer gav dei 24 oksar, 60 verar, 60 bukkar og 60 årsgamle lam. Det var gåvene som vart framborne då altaret var salva og vigsla.

89. Når Moses gjekk inn i møteteltet og skulle tala med Herren, då høyrde han røysta tala til han frå soningsstaden over lovkista, frå romet mellom dei to kjerubane. Der tala Herren til han.

4. Mosebok 7