1. Herren sa til Moses:
2. Tal til israelittane og sei til dei: Når de kjem inn i Kanaan, det landet de får til odel og eige, skal det ha desse grensene:
3. Grensa i sør skal gå frå Sin-øydemarka langsmed Edom. I aust skal sørgrensa gå ut frå enden av Saltsjøen.
4. Ho skal svinga sørom Akrabbim-skaret og halda fram til Sin. Så skal ho gå sør for Kadesj-Barnea til Hasar-Addar og derifrå til Asmon.
5. Frå Asmon skal grensa svinga ned til Egyptarbekken og ut til havet i vest.
6. I vest skal de ha Storhavet til grense; det skal vera grensa dykkar mot vest.
7. I nord skal dette vera grensa dykkar: Frå Storhavet skal de dra opp ei line til Hor-fjellet
8. og frå Hor-fjellet til Lebo-Hamat; der skal grensa nå ut til Sedad.
9. Så skal ho halda fram til Sifron og enda ved Hasar-Enan. Det skal vera grensa dykkar mot nord.
10. I aust skal de dra opp ei line frå Hasar-Enan til Sjefam.
11. Frå Sjefam skal grensa gå ned til Ribla, austanfor Ajin, og så nedover til ho når fjellryggen på austsida av Gennesaret-sjøen.
12. Så skal ho fylgja Jordan og enda nedmed Saltsjøen. Det skal vera landet dykkar, og desse grensene skal det ha.