16. Då gjekk Rubens-sønene og Gads-sønene fram til Moses og sa: «Vi vil berre laga kveer for feet vårt her og byggja byar for kvinnene og borna våre.
17. Men sjølve vil vi væpna oss så snøgt vi kan, og fara føre dei andre israelittane, til vi får ført dei dit dei skal. Men kvinnene og borna våre skal sitja att i festningsbyane, så dei kan vera trygge for dei som bur i landet.
18. Vi skal ikkje venda heim att før dei andre israelittane har fått kvar sin eigedom.
19. For vi vil ikkje ta land saman med dei på hi sida av Jordan og lenger borte når vi får vår odelsjord her på austsida av Jordan.»
20. Moses svara: «Dersom de gjer dette, dersom de bur dykk til strid for Herren,
21. og alle våpenføre menn mellom dykk fer over Jordan for Herren, til han har drive fiendane sine bort,
22. og ingen av dykk vender heim att før landet er vunne for Herren, då skal de vera utan skuld både for Herren og for Israel, og dette landet her skal vera dykkar eigedom for Herrens åsyn.
23. Men gjer de ikkje dette, då syndar de mot Herren, og de skal få kjenna at synda finn dykk att.