8. Dersom mannen hennar får vita det, men ikkje seier noko til henne same dagen, då skal lovnadene og dei pliktene ho har teke på seg, stå ved lag.
9. Men dersom mannen hennar same dagen som han får vita det, seier nei til henne, då gjer han den lovnaden ho har teke på seg, til inkjes, og like eins det tankelause ordet som ho har bunde seg med. Og Herren skal tilgje henne.
10. Når ei enkje eller ei fråskild kvinne gjev ein lovnad, skal han stå ved lag, kva ho så har bunde seg til.
11. Dersom ei kvinne etter at ho er gift, gjev ein lovnad eller bind seg med eid til fråhald,