39. Talet på dei levittane som vart mønstra, mønstra av Moses og Aron på Herrens ord, ætt for ætt, alle menn og alle gutar som var ein månad eller meir, var i alt 22 000.
40. Herren sa til Moses: Du skal mønstra dei fyrstefødde i Israel, alle menn og alle gutar som er ein månad eller meir, og skriva dei inn i manntalet.
41. Lat så meg, Herren, få levittane i staden for alle dei fyrstefødde mellom israelittane, og feet åt levittane i staden for alt det fyrstefødde feet hjå israelittane.
42. Moses gjorde som Herren hadde sagt, og mønstra alle fyrstefødde hjå israelittane.
43. Talet på dei fyrstefødde som vart mønstra og innskrivne i manntalet, alle menn og alle gutar som var ein månad eller meir, var i alt 22 273.
44. Så sa Herren til Moses:
45. Ta levittane i staden for alle dei fyrstefødde mellom israelittane, og feet åt levittane i staden for feet deira. Levittane skal høyra meg, Herren, til.