15. «Du skal mønstra levittane, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein. Alle menn og alle gutar som er ein månad eller meir, skal du mønstra.»
16. Så mønstra Moses dei på Herrens ord, som han var føresagd.
17. Dette er namna på sønene til Levi: Gersjon, Kehat og Merari.
18. Sønene til Gersjon og ættene deira heitte Libni og Sjimi.
19. Sønene til Kehat og ættene deira var Amram, Jishar, Hebron og Ussiel.
20. Sønene til Merari og ættene deira var Makli og Musji. Dette er Levi-ættene og ættgreinene deira.
21. Til Gersjon høyrde Libni-ætta og Sjimi-ætta. Det er Gersjon-ættene.
22. Då dei vart mønstra, alle menn og alle gutar som var ein månad eller meir, var det 7 500 som vart innskrivne i manntalet.
23. Gersjon-ættene hadde leiren sin bak heilagdomen, mot vest.