13. og for kvart lam ein tiandedels efa kveitemjøl, blanda med olje. Såleis skal brennofferet vera, eit eldoffer som angar godt for Herren.
14. Drikkoffera som høyrer til, skal vera ein halv hin vin for kvar okse, ein tredjedels hin for veren og ein fjerdedels hin for kvart lam. Dette er nymåne-brennofferet, som skal berast fram kvar nymånedag i året.
15. Ein bukk skal de òg ofra som syndoffer til Herren, attåt det daglege brennofferet og drikkofferet som høyrer til.
16. Den fjortande dagen i den fyrste månaden er det påskehelg for Herren.
17. Og frå den femtande dagen i same månaden er det høgtid; då skal de eta usyrt brød i sju dagar.